– No ser vi resultat av regjeringa si satsing på fagskole, og det er gledeleg å sjå den auken og bredda som fagskolane no tilbyr innanfor landbruks- og matfag.  Vi treng gode tilbod på alle utdanningsnivå, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad. 

Søkjartala til dei landbruksrelaterte grøne utdanningane har samla sett halde seg stabile frå i fjor til i år. For landbruksfaga har søkjartala gått noko ned frå i fjor, men ser ein dei to siste åra under eitt (2019–2021), er det ein auke på fire prosent. Bachelorutdanning i agronomi (ved Høgskolen Innlandet) hadde ein kraftig auke frå 2019 til 2020, og dei høge tala har halde fram i 2021. Det har over fleire år vore stor interesse for årsstudium i økologisk landbruk, som er eit nettbasert deltidsstudium over to år. Nær 240 førstevalssøkjarar har søkt på dette i år.  

– Eg er glad for den samla interessa for grøne utdanningar. Vi treng kompetanse innanfor ei rekke ulike fagområde for å utvikle landbruket og for å omstille oss til ei grøn framtid. Eg merker meg også dei høge søkjartala til agronomistudiet og den store interessa for økologisk landbruk, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Mange ønskjer å ta høgare yrkesfagleg utdanning 

I 2020 kunne ein for første gong søkje høgare yrkesfagleg utdanning gjennom Samordna opptak, på lik linje med anna høgare utdanning, noko som saman med covid-19-pandemien truleg er forklaringa på den store auken i talet på søkjarar til fagskulane. Høgare yrkesfaglege utdanningar er framleis populære i 2021. Over 430 personar har søkt ei mat- eller landbruksfagleg utdanning på fagskole-nivå. Hotell- og restaurantdrift (Fagskolen i Viken) har hatt ein vekst på 57 prosent sidan 2020 og Planteproduksjon og ledelse ved Fagskolen i Innlandet fekk 45 førstevalssøkjarar til 30 planlagde studieplassar. Samstundes har det vore ein stor vekst i talet på  landbruksfaglege tilbod. Det er no totalt 14 tilbod fordelt på fire fagskolar i landet. 

Rekordmange søkjarar til høgare utdanning 

Aldri før har så mange søkt om plass ved landets universitet og høgskolar. I år har over 154 000 søkt om studieplass. Det er 3 304 fleire enn i rekordåret 2020, og ein auke på 2,2 prosent. I tillegg har nesten 13 000 søkt plass på en fagskole.