– Petroleumsressursane våre tilhøyrer det norske folk. Verksemda har gitt og gir store inntekter til fellesskapet. Gjennom handlingsregelen har desse inntektene stor betydning for fastlandsøkonomien og for finansiering av velferdsstaten, både i dag og i framtida, seier energiminister Terje Aasland.

Norsk sokkel står for 30 prosent av gassforbruket og 14 prosent av oljeforbruket i EU og Storbritannia. Den totale petroleumsproduksjonen på norsk kontinentalsokkel var i 2025 om lag 239 millionar standardkubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar. Det er forventa at den samla produksjonen vil liggje på same nivå i 2026. Oljeproduksjonen utgjorde om lag 107 millionar Sm3 oljeekvivalentar i fjor, noko som er den høgaste produksjonen sidan 2009. Oppstarten av Johan Castberg-feltet i Barentshavet bidrog til auka oljeproduksjon på kontinentalsokkelen og vil gi eit viktig bidrag også i åra framover.

– I ei tid prega av geopolitisk uro globalt bidrar norsk energi direkte til energisikkerheit, økonomisk stabilitet og nasjonal sikkerheit hjå våre allierte. Det er avgjerande at Noreg vidareutviklar sokkelen, slik at me kan halde fram med å vere ein stabil og langsiktig energipartnar. Dei avgjerdene me tar i dag, vil få betydning for den langsiktige produksjonen av olje og gass på norsk sokkel, seier Aasland.

Behov for nye prosjekt framover

Mange pågåande utbyggings- og utviklingsprosjekt har bidratt til eit høgt aktivitetsnivå på norsk kontinentalsokkel dei siste åra. Investeringane i petroleumsverksemda blir anslått til om lag 283 milliardar kroner i 2026. Etter kvart som dei pågåande større prosjekta blir ferdigstilte, utan tilsvarande oppstart av nye prosjekt, er det venta at investeringane blir reduserte i dei påfølgjande åra.

Den industrielle aktiviteten på sokkelen gir grunnlag for betydeleg sysselsetting og aktivitet i den norskbaserte leverandørindustrien. Leverandørindustrien treng kontinuerleg nye oppdrag framover for å oppretthalde verdiskaping, kompetanse og sysselsetting i Noreg.

– For å oppretthalde aktivitetsnivået er det avgjerande at det kjem nye utbyggingsprosjekt som leverandørindustrien kan konkurrere om. Det er derfor viktig at næringa byggjer ut lønsame ressursar i porteføljen sin og utnyttar forretningsmoglegheitene i olje- og gassressursane på norsk sokkel. Regjeringa støttar opp under dette ved å leggje til rette for vidare leiting, auka utvinning og utbygging av funn gjennom stabile og føreseielege rammevilkår, sier Aasland.