Stadig fleire bruker ny løysing for prøvesvar
Nyheit | Dato: 23.06.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Regjeringa prioriterer tiltak som gjer arbeidskvardagen til helsepersonell meir effektiv ved hjelp av digitale løysingar. Ei digital førstelinje for innbyggarar og bruk av personellsparande teknologi for helsepersonell gjer at vi kan nå måla vi har satt oss i Helsepersonellplan 2040.
No viser nye tal at Pasientens prøvesvar er ei slik løysing og nye tal viser at bruken er på full fart inn hjå fastlegekontor over heile landet, og denne månaden kopla også dei første sjukehusa seg på.
– Pasientens prøvesvar gjer det mogleg for helsepersonell å dele laboratorie- og radiologisvar på tvers. Dette sparar tid, og er eit av mange nødvendige tiltak for å gi innbyggarane tryggleik for helsa slik at dei slepp å vente for lenge på resultat frå prøvesvar, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Ei viktig del av løysinga
– Gode og nyttige digitale løysingar bidreg til å dempe behovet for arbeidskraft i åra framover. Slik klarer vi å tette gapet mellom personellet det blir behov for og den arbeidskrafta som er nødvendig, forklarer Vestre.
Eitt år etter at helsetenestene begynte med Pasientens prøvesvar er over fem millionar prøvesvar sendt inn, og totalt 1700 legekontor har tatt løysinga i bruk. Til saman 1,5 millionar innbyggarar har fått prøvesvar på Helsenorge.
Tidlegare i juni blei også Helse Midt-Norge det første regionale helseføretaket som deler prøvesvar i Pasientens prøvesvar. Alle dei åtte sjukehusa i regionen har sendt inn prøvesvar på enkelte område.
Digital førstelinje
Då Helsepersonellplan 2040 blei presentert forklarte helse- og omsorgsministeren at regjeringa jobbar med å etablere ei digital førstelinje innan helse for innbyggarar.
Målet med digital førstelinje er å tilby tenester til innbyggarar 24/7, slik at ein enkelt finn fram til riktig hjelp og får trygg informasjon.
– Pasientens prøvesvar er eit av fleire steg på vegen med å etablere ei digital førstelinje. Med denne tenesten kan innbyggarar sjå prøvesvara sine på Helsenorge.no, få informasjon om kva svara betyr og få oversikt over kven som har tilgang til dei, seier Vestre
– Vi treng eit innan taktskifte innan digitalisering. Digitalisering vil vere ein hjørnestein når vi seinare denne perioden legg fram regjeringa sin helsereform.
Rask deling
Målet er at innbyggarar skal få rask tilgang til eigne prøvesvar. Samtidig er ikkje alle prøvesvar eigna for rask deling. Dersom det er behov for å gå gjennom prøvesvar, legg løysinga til rette for at legen kan kontakte pasienten for å gjere dette.
Pasienttryggleiken skal sjølvsagt ivaretakast, men ofte blir same prøve tatt to gangar fordi tidlegare prøvesvar ikkje er tilgjengeleg når det trengs. No blir prøvesvar samla og delt der dei faktisk brukast. Det gir raskare oversikt og reduserer behovet for unødvendige undersøkingar, seier Vestre.