Startar arbeidet med ny offentleg tenestepensjon

Arbeids- og sosialdepartementet er nå samde med partane i arbeidslivet om å starte ein avsluttande prosess med sikte på å fastsette ei pensjonsløysing for offentleg tilsette. Ei arbeidsgruppe der partane deltek har i dag hatt sitt første møte. Målet er å leggja siste hand på ei avtale innan 1. mars.

– Eg er glad for at vi er samde om å ta opp igjen dette viktige arbeidet. Dei offentlege tenestepensjonsordningane må tilpassast pensjonsreforma slik at offentleg tilsette får auka fleksibilitet og at det blir meir lønsamt å arbeide etter 62 år. Vi har så langt hatt eit konstruktivt samarbeid med partane om offentleg tenestepensjon. Eg håpar vi no kan sluttføre arbeidet slik at også offentleg tilsette får gode og framtidsretta pensjonsordningar, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.