Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2019

Startar digitalt løft for barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa føreslår 30 millionar kroner til eit digitaliseringsløft for barnevernet. Målet er å gi tilsette betre støtte i arbeidet og meir tid til å følgje opp kvart enkelt barn og kvar enkelt familie.

- Dei aller mest sårbare har størst behov for at rettstryggleiken blir tatt hand om. Derfor er det kritisk å få på plass eit digitalt kvalitetssystem i barnevernet, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Det barnevernsfaglege kvalitetssystemet er ein av fire nasjonale fellesløysningar som inngår i regjeringa si satsing. Kvalitetssystemet skal gi dei tilsette fagleg støtte og rettleiing, og bidra til at fristar og lovkrav vert overhaldne.

Kvalitetsutfordringar i barnevernet er godt dokumentert: manglande systematikk i undersøkingar, manglande dokumentasjon, manglar ved barns medverknad, og manglande styring og leiing. Saksdokument vert sendt i posten. Når eit barn i barnevernet flyttar til ein ny kommune, svarar tre av fire kommunar at det tek over tre veker før dei har fått all dokumentasjon treng.

- Slik kan vi ikkje ha det. Tungvinte system stel tid. Det er få område innan offentleg sektor som enno gjer det slik. For å trygge velferda må vi trygge offentleg sektor. Det gjeld også barnevernet, som kanskje har dei aller mest sårbare brukarane. Slik det er i dag, er det risiko for at sensitive opplysningar kjem på avvegar. Det er ei kjensgjerning at dei fleste bekymringsmeldingane i barnevernet i dag blir sendt per post, seier Helleland.

Dei nasjonale fellesløysningane som inngår i regjeringa si satsing skal møte desse utfordringane:

  • Ein nasjonal portal for bekymringsmeldingar skal vere i drift frå 2020. Portalen er ei innbyggjarteneste som skal sikre raskare og tryggare innsending og mottak av meldingar.

  • Ei løysning for digital meldingsutveksling som gjer det mogleg med sikker elektronisk kommunikasjon og betre digital samhandling mellom kommunane.

  • Ein rapporteringsbank som skal effektivisere arbeidet med rapportering og bidra til betre og meir oppdatert styringsinformasjon.

  • Eit barnevernsfagleg kvalitetssystemet som skal gi dei tilsette fagleg støtte gjennom dei ulike fasane i ei barnevernssak – frå bekymringsmeldinga kjem inn til evaluering av tiltak. Dette vil bidra til ein meir einskapleg og kunnskapsbasert praksis i tenestene.

- Dette vil auke kvaliteten, gjere arbeidskvardagen for dei tilsette betre, sikre barna medverknad, skape mindre forskjellar mellom barnevernstenestene og styrkje rettstryggleiken til brukarane, seier Helleland.

Løysingane skal integrerast i eit nytt digitalt sakshandsamingssystem for dei tilsette i barnevernet, som utviklast av KS, kommunane Trondheim, Oslo, Asker, Bergen, Bærum, Stavanger og Kristiansand, i samarbeid med Bufdir. Løysningane skal vere tilrettelagd  for mobile plattformar slik at dei tilsette er mindre låst til kontoret.