Staten er einige med Akademikerne, Unio og YS i lønsoppgjeret
Pressemelding | Dato: 30.04.2025 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Partane blei einige om eit oppgjer på 4,4 prosent, som er i tråd med frontfagsramma.

– Dette er eit mellomoppgjer der vi berre forhandlar om økonomi. Det er positivt at vi no har kome fram til ei forhandlingsløysing innanfor ramma av frontfaget som vil bidra til ei meir samla lønsdannelse i staten, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
I avtala med Akademikerne og Unio skal heile den disponible ramma på 2,2 prosent (årsbasis) forhandlast lokalt hos dei statlege verksemdene. I avtala med YS er disponibel rammer på 2,4 prosent. I denne går 75 prosent til lokale forhandlingar. Resten skal fordelast sentralt med ein lik prosent til alle.
Den disponible ramma kjem fram ved å trekkje overheng og gliding frå den framforhandla frontfagramma på 4,4 prosent. Sjå forklaring på kva overheng og gliding er. Dette inneber at det lokalt skal forhandlast innanfor ei ramme på 3,3 prosent av lønnsmassen for medlemmene i Akademikerne og Unio. For medlemmene i YS Stat skal det lokalt forhandlast innanfor ei ramme på 2,7 prosent av lønnsmassen. For medlemmene i YS Stat blir det i tillegg gitt eit generelt tillegg på 1,05 prosent av fastlønna. Alle dei avtalte tillegga får verknad frå 1. mai 2025.
I oppgjeret med LO Stat kom ikkje partane til einigheit. Partane skal no møtast til mekling hos Riksmeklaren 6. mai, og fristen for meklinga er 27. mai ved midnatt.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 20 00
E-post til kommunikasjonseininga: presse@dfd.dep.no