Statens vegvesen skal gå gjennom tryggleiksrutinar for tunnelar på riksvegnettet

– Noreg er eitt av landa i Europa som har flest tunnelar. Det skal vere trygt å ferdast på norske vegar, og norske tunnelar blir stadig tryggare. Statens vegvesen har rutinar for å avdekkje og førebyggje farlege hendingar i tunnelane. Men når det skjer hendingar som dei i Trodalstunnelen og Fjærlandstunnelen nyleg, er det naturleg med ein gjennomgang av rutinane. Vi har difor bede Statens vegvesen om gjere greie for og vurdere gjeldande rutinar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Nye tunnelar blir bygde med strenge krav til tryggleik for trafikantar, og det blir brukt store ressursar til å rusta opp eksisterande tunnelar. Sidan 2015 har Statens vegvesen hatt eit program for oppgradering av 140 riksvegtunnelar over heile landet. Dette er eit pågåande arbeid som i  hovudsak omfattar branntryggleik, redning og elektrisk utstyr i tunnelane.

I perioden 2015-2021 har det blitt prioritert over 15 milliardar kroner til vedlikehald og fornying av riksvegtunnelar. Det har gjort at vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet har blitt redusert for fyrste gang på fleire tiår.

Prioriterer tunneltryggleik i ny NTP
I Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP) er det lagt opp til å nytte 11,4 milliardar kroner til fornyingstiltak i fyrste seksårsperiode, som i hovudsak skal bli nytta til å innfri tunneltryggleiks- og elektroføresegnene på riksvegnettet. I NTP er òg vegprosjekt som erstattar tunnelar som ikkje tilfredsstiller dagens krav til tryggleik høgt prioritert. Det gjeld mellom anna E6 Megården–Mørsvikbotn i Nordland og E16 Arna–Stanghelle i Vestland.

Vidare framdrift
Statens vegvesen har frist til 1. september med å gi tilbakemelding. Deretter skal Samferdselsdepartementet gå gjennom innspelet frå etaten.

For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev frå Samferdselsdepartementet til Statens vegvesen om oppfølging av tunnelar på riksvegnettet (pdf)