Statsbudsjettet 2017: 176 millionar kroner til opptrappingsplan mot vald og overgrep

Regjeringa styrker innsatsen for å førebygge og kjempe mot vald i nære relasjonar og ivareta barn som er utsette for vald og overgrep. Regjeringa foreslår til saman 176 millionar kroner knytt til opptrappingsplanen mot vald og overgrep som vert lagt fram for Stortinget i haust.

- Vald og overgrep i nære relasjonar er eit stort samfunns- og folkehelseproblem. Regjeringa har saman med samarbeidspartia styrka innsatsen mot vald og overgrep. Vi legg opp til ei ytterlegare styrking neste år, og i løpet av hausten vil vi fremme ein opptrappingsplan mot vald og overgrep, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

Planen vil legge opp til ein heilskapleg og langsiktig innsats for å redusere førekomsten av vald og overgrep. Regjeringa foreslår at 20 millionar kroner i opptrappingsplanen løyvast over BLD sitt budsjett: auka kompetanse i familievernet, meir midlar til foreldrestøttande tiltak, auka løyving til Stine Sofie Senteret, og meir til informasjonsarbeid.

- Omfanget av vald og overgrep er stort og konsekvensane er alvorlege både for den enkelte og for samfunnet. Derfor blir dette ein viktig plan som både skal peike på korleis ein kan arbeide for å unngå at vald og overgrep skjer, men også korleis ein betre kan hjelpe valdsutsette, seier Horne.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2017 ei tverrdepartemental satsing på 176 millionar kroner knytt til opptrappingsplanen. Satsinga omfattar:

  • 6,5 mill. kroner til betre behandlingstilbod til overgriparar (HOD)
  • 5 mill. kroner til auka kompetanse i helsetenesta om vald mot barn (HOD)
  • 5,5 mill. kroner til å utgreie forløp for valdsutsette og forløp for overgriparar (HOD)
  • 5 mill. kroner til å følge opp forsking i opptrappingsplanen (HOD)
  • 4 mill. kroner til auka kompetanse i familieverntenesta om vald (BLD)
  • 7 mill. kroner til foreldrestøttande tiltak (BLD)
  • 5 mill. kroner til Stine Sofie Senteret for valdsutsette barn (BLD)
  • 19 mill. kroner til offeromsorga (JD)
  • 15 mill. kroner til Statens barnehus (JD)
  • 10,9 mill. kroner til dialoggrupper mot vald i asylmottak (JD)
  • 35 mill. kroner til innsats mot mobbing (KD)
  • 4 mill. kroner til deltaking i EU kids online-undersøking (JD)
  • 3 mill. kroner til informasjon til befolkninga om vald og overgrep og til følgeevaluering av planen (BLD)
  • 1 mill. kroner til utvikling av digitalt informasjonsmateriell om vald og overgrep til bruk i barnehagar og skolar (BLD)
  • 50 mill. kroner av veksten i kommunesektoren sine frie inntekter i 2017 er grunngitt med auka satsing på skolehelsetenester og helsestasjonane (HOD)

Regjeringa vil trappe opp innsatsen mot vald og overgrep ytterlegare i planperioden.