Staten skal vere ein betre medspelar i planarbeidet
Pressemelding | Dato: 08.01.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet ber statsforvaltarane legge meir vekt på rolla dei har som medspelarar og rettleiarar for kommunane i planprosessane.
– Både statsforvaltarane og andre statlege etatar har mykje kunnskap som kan vere til nytte for kommunane i planarbeidet. Det er viktig at kommunane opplever at det er lav terskel for å henvende seg til desse for råd og rettleiing gjennom heile planarbeidet, seier kommunalminister Erling Sande.
Statsforvaltarane får i 2025 tydelegare føringar for rolla si i kommunale planprosessar. Ofte er det kontrollrolla til statsforvaltarane som får mykje merksemd. Årets tildelingsbrev legg vekt på styrka dialog og tiltak for å unngå unødvendige motsegner i kommunale planprosessar. Dei ti statsforvaltarane er staten sin forlenga arm i fylka og har ei sentral rolle innan samfunns- og arealplanlegging, klima, miljø, landbruk og samfunnssikkerheit.
Regjeringa meiner kommunane og dei lokale folkevalde kjenner sine lokalsamfunn best og har gode føresetnader for å planlegge sine lokalsamfunn, men når til dømes nasjonale omsyn gjer at ein må finne andre løysingar enn kommunen i utgangspunktet hadde tenkt er det viktig å få tydeleggjort det så tidleg som råd. Desse drøftingane er også med å gjere planane betre, og både stat og kommune strekker seg for å finne gode kompromiss når ulike omsyn står mot kvarandre.
– Eg er oppteken av at statsforvaltaren skal vere ein støttespelar for kommunane, og gå i dialog framfor å fremje unødvendige motsegn, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Statsforvaltaren skal sikre at planar som kan kome i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser blir drøfta i regionalt planforum før offentleg ettersyn. For kommunane er det viktig både å kunne dra nytte på kunnskapen til statsforvaltarane, men også at statsforvaltarane samordnar staten sine innspel tidleg i planarbeidet, og at ein unngår mange “ekstrarunder” med nye innspel og utgreiingar.
– Mange kommunar er opptatt av at eventuell motsegn skal kome så tideleg som mogleg og ikkje etter høyringsfristen. Dei påpeikar også at det er viktig at ein unngår motsegn om det kunne ha vore fremja tidelegare. Nå presiserer vi det. Det er viktig for å prøve å spare ressursar og tid i planprosessane, seier Sande.
Meir bruk av synfaring
Tildelingsbrevet til statsforvaltarane seier også at synfaring skal brukast aktivt i situasjonar der dette kan bidra til sameinte løysingar og til å unngå unødvendige motsegner.
– Eg får mange tilbakemeldingar på at kommunane ønskjer at statsforvaltar og andre statlege aktørar oftare kunne kome ut og sjå på dei konkrete sakene saman med kommunen. Synfaringar er eit sentralt verktøy for å skape forståing og finne gode løysningar, og eit viktig utgangspunkt for god dialog om den enkelte sak. Vi presiserer no difor for statsforvaltrane at synfaring som regel bør gjennomførast dersom ein av partane meiner det kan bidra til å finne gode løysingar, seier Sande.
Her finn du styringsdokumenta til Statsforvaltaren: Styringsportalen for statsforvalteren 2025