Bildet viser skog og kollar utover terrenget i solnedgang.
Statskog vil lyfta norsk skognæring og inngår ein avtale med ein svensk utviklar. Saman skal dei utforska moglegheita for å driva med dronebasert hogst i norske skogar. Foto: Steinar Johansen/Statskog

– Me er heile tida på jakt etter forbetringar, både for å styrka vår eiga skogdrift og for å bidra med å utvikla heile den norske skognæringa. Dronebasert hogst er utruleg spennande og kan bidra med gode løysingar på utfordringar som skognæringa står i, seier administrerande direktør Gunnar Lien i Statskog.

Det svenske selskapet Air Forestry driv i skjeringspunktet mellom hi-tech, kunstig intelligens, aggregat og batteritilhengarar.

Bildet viser felte tre som ligg på bakken i eit typisk skogbruksområde der trea står tett saman.
- Kor dette vil enda, veit me ikkje, men det er ei spennande reise som me vil heia på her i Noreg òg, seier administrerande direktør Gunnar Lien i Statskog om dronebasert hogst. Foto: Colourbox

– Regjeringa ser på skogen og verdikjedene som bygger på han som heilt sentrale verktøy for å lukkast med dei omstillingane som me står midt oppe i - det grøne skiftet og klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Statskog er den største skogeigaren i Noreg. Gjennom sertifisert og høgteknologisk drift bidreg dei til at norsk skognæring blir ei sterk og viktig brikke i klimaløysinga. Statskog forvaltar om lag 5,5 millionar dekar produktiv skog.