Statsministeren besøkjer synagoge og moské i Oslo fredag

I samband med situasjonen i Midtausten, besøkjer statsministeren synagogen i Oslo og Islamic Cultural Center på Grønland.

Statsministeren vil møte representantar for Det mosaiske trossamfunn, Muslimsk dialognettverk og Islamsk Råd Norge.

– For meg er det viktig med dialog og eg vil høyre korleis jødar og muslimar her heime opplever situasjonen, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Tid: Fredag 20. oktober kl. 09.45
Stad: Synagogen i Oslo, Bergstien 13

Tid: Fredag 20. oktober kl. 12.15
Stad: Islamic Cultural Center, Tøyenbekken 24

Vi ber om at presse som ønskjer å dekkje besøka, gir beskjed til smkinfo@smk.dep.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post cp@smk.dep.no.