Statsministeren besøkjer Akershus universitetssjukehus

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Akershus universitetssjukehus laurdag 12. mars i samband med at det er to år sidan koronatiltaka vart innført i Noreg.

Kl. 09.45: Statsministeren får orientering om korleis situasjonen er ved sjukehuset no og korleis pandemien har påverka arbeidet. Jonas Gahr Støre skal også møte tilsette og tillitsvalde.

Presse som ønskjer å dekkje besøket må akkreditere seg til kommunikasjonsrådgivar Cecilie Dahl ved Akershus universitetssjukehus: Cecilie.Dahl@ahus.no innan fredag 11. mars klokka 12. Adresse: Sykehusveien 25, 1478 Nordbyhagen.

OBS på at det er krav om munnbind inne på sjukehuset dersom ein ikkje kan halde ein meters avstand til pasientane.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.