Klokka 13:50: Statsministeren besøkjer Scandic Ambassadeur Drammen for å møte representantar frå kommunen, frivillige og nokon av dei som er råka av brannen. Fotomoglegheit ved ankomst.

Om lag klokka 14.50: Statsministeren besøkjer brannstaden i Krokstadelva saman med representantar frå innsatsleiinga. Statsministeren er tilgjengeleg for intervju med presse etter befaringa.

Oppmøte for presse er Stenseth skole, Neptunveien 5, 3055 Krokstadelva.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no. Presse som ønskjer å dekke besøket kan sende ein e-post til ibm@smk.dep.no for meir detaljar.