Statsministeren besøkjer Hurtigruta mellom Bodø og Svolvær
Pressemelding | Dato: 26.08.2026 | Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Hurtigruta måndag 31. august, og er om bord i M/S Nordlys på strekninga frå Bodø til Svolvær. Han har også eit besøk i Bodø før avreise.
Måndag 31. august
Kl. 1320: Statsministeren besøkjer den midlertidige jernbaneverkstaden til Bane NOR i Bodø i lag med LO i Bodø og Bodø Arbeiderparti. Verkstaden vart etablert etter at jernbanesporet raste ut i Levanger i fjor, for å kunne vedlikehalde toga nord for rasstaden.
Adresse: Jernbaneveien 89, innkjøring ved Energihuset.
Pressekontakt er statssekretær Bhanuja Rasiah, telefon 98 02 65 61, e-post bra@smk.dep.no.
Kl. 14.50: Statsministeren er tilgjengelig for pressa på Hurtigrutekaia i Bodø.
Kl. 15.20: Statsministeren tek Hurtigruta frå Bodø til Svolvær. Han vil få ei orientering om verksemda og ei omvisning på skipet, og møter tilsette og lærlingar. Han er tilgjengeleg for pressa om bord.
Kl. 21.30: Statsministeren er tilgjengeleg for pressa på kaia i Svolvær når Hurtigruta har lagt til kai.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.