Statsministeren besøkjer Larvik, Tønsberg og Sandefjord

Tysdag 11. april

Kl. 11.30: Statsministeren møter avgangselevane på Thor Heyerdahl videregående skole. Han held innleiing og svarer på spørsmål.

Kl. 12.45: Statsministeren får ei orientering om Larviksmodellen Våre unge, som er eit samarbeid mellom NAV, Thor Heyerdahl videregående skole, Larvik kommune og arbeidsgjevarar. Han møter elevar, lærlingar og bedriftsrepresentantar på ulike verkstader på skolen.
Adresse: Thor Heyerdahl videregående skole, Hoffs gate 6, Larvik

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer resirkuleringsbedrifta Zirq Solutions i Tønsberg, som har eit tett samarbeid med NAV gjennom prosjektet Tønsberg inkluderer. Han møter nokre av dei som er tilsett gjennom dette samarbeidet, og får ei omvisning på bedrifta.

Det er nødvendig med hjelm, vernesko og anna verneutstyr på omvisninga i bedrifta, som driv med resirkulering av kablar. Presse som ønskjer å vere med, kan melde frå til fabrikksjef John Bjarne Bye på telefon 98 23 38 92, epost john.bjarne.bye@zirqsolutions.com og møte opp i god tid.                       Adresse: Zirq Solutions, Ravneveien 11, Revetal

Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer Quality Hotel i Tønsberg og møter tilsette som har fått jobb gjennom Tønsberg inkluderer. Han møter også ein NAV-klasse som får opplæring i hotellfag.
Adresse: Quality Hotel, Ollebukta 3, Tønsberg

Kl. 16.30: Ope møte i regi av Tønsberg Arbeiderparti.
Adresse: Tønsberg og Færder bibliotek, Storgaten 16, Tønsberg

Kl. 18.00: Statsministeren besøkjer Sandefjord Turn & Idrettsforening i lag med idrettspresident Berit Kjøll, for å fokusere på aktivitet og rekruttering i idrettslaga. Det går føre seg handballtrening i hallen.
Adresse: Bugårdshallen, Sportsveien, Sandefjord

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.