Statsministeren møter Angolas president

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsminister Jonas Gahr Støre møter president João Manuel Gonçalves Lourenço til samtale i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45 fredag 18. november kl. 14.00.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Det vert pressetilgjenge med korte kommentarar etter møtet, om lag kl. 15.35. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 15.05.

Presse kan melde seg på til rvi@smk.dep.no innan fredag 18. november kl. 10.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.