Statsministeren møter Brasils president

Statsminister Erna Solberg tek i mot Brasils president Michel Temer til samtale i statsministerbustaden i Inkognitogata 18 fredag 23. juni kl. 08.30.

Ein fotopool som består av NTB scanpix, NRK og TV2 har høve til å fotografere på utsida idet statsministeren tek imot presidenten. Den same fotopoolen kan også fotografere inne ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 07.45.

Oppmøtestad: Riddervoldsgate 2, inngang frå Parkveien. Ta med gyldig pressekort og id.

Statsministeren og presidenten held ein kort pressekonferanse i presserommet i Riddervoldsgate 2 etter møtet. Frammøte seinast kl. 08.30.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.