Statsministeren møtte råka etter brannen i Krokstadelva
Nyheit | Dato: 21.07.2026 | Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte tysdag Drammen kommune og fekk sjå brannstaden der over hundre bustadar har gått tapt i Krokstadelva. Statsministeren fekk mellom anna møte evakuerte familiar, frivillige og representantar frå kommunen.
– Det gjer stort inntrykk på meg å snakke med dei som har mista heimen sin, eigedelar, minner og den tryggheita som heimen er. Det viktigaste no er å ta godt vare på alle dei som er råka av denne forferdelege brannen, og at dei får den oppfølginga dei treng, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
– Samstundes får denne hendinga fram noko av det finaste i samfunnet vårt. Folk som stiller opp og jobbar natt og dag, folk som set i gang innsamlingsaksjonar, folk som bidreg med klede, husrom, varme og omsorg. Eg vil rette ei djup takk til alle som har bidrege: Brann- og redningsmannskapa, politiet, helsepersonell, Sivilforsvaret, Heimevernet, frivillige organisasjonar, kommunen og alle andre. Eg vil også takke lokalsamfunnet, naboar og frivillige for den omsorg og medkjensle som de viser, og måten de har stilt opp for kvarandre på, seier statsministeren.
Statsministeren vart tatt imot av ordførar Kjell Arne Hermansen, fungerande kommunedirektør Sudhir Sharma og representantar frå brannvesen og politi. Ved brannstaden fekk han ei orientering ved innsatsleiar i Drammensregionens brannvesen, Inge Wergeland. Statsministeren besøkte også hotellet i Drammen der mange av dei råka etter brannen har budd, og der møtte han nokon av dei mange frivillige som har bidratt.
– Så langt ser det ut til at beredskapssystemet har fungert, og at dei ulike ressursane har funne kvarandre. Så skal vi, når den tid kjem, lære av denne brannen og handteringa av den, slik at kvar hending kan gjere oss betre, seier statsministeren.