Statsministerens program veke 1

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Fredag 7. januar

Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Moelven Industrier fredag 7. januar kl. 14.00. Tema for besøket er berekraftig bruk av tre i bygg og Moelvens arbeid med aktivt medarbeidarskap og rekruttering. Besøket er i ein del av limtrefabrikken, der han møter representantar for leiing, tilsette og tillitsvalde.

Presse som ønskjer å dekkje besøket, må registrere seg med namn, mobilnummer og bedrift innan fredag 7. januar kl. 10.00. Send e-post til kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, the@smk.dep.no.

Adresse: Industriveien 1, Moelv

Oppmøte på parkeringsplassen ved innkøyringa til fabrikken seinast kl. 13.45.  Kontaktperson på Moelven Industrier er konstituert kommunikasjonsdirektør Ellen Thørud, telefon: 97 67 08 21.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.

Laurdag 8. januar

Statsministeren er til stades på Idrettsgallaen i Oslo spektrum.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Søndag 9. januar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i minnegudsteneste for Desmond Tutu i Oslo Domkyrkje søndag 9. januar klokka 17.30.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.