Tysdag 28. april

Kl. 14.15: Statsminister Jonas Gahr Støre og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung legg mosaikk på minnestaden etter 22. juli i lag med ungdomsskuleelevar frå Demokrativerkstaden, kunstnaren Matias Faldbakken og 22. julisenteret. Dei deltek i samskapingsprosessen, leia av 22. julisenteret i samarbeid med KORO,  der etterlatne, overlevande og andre er med og skapar minnestaden i regjeringskvartalet ved å legge delar av mosaikken. Sjå eiga pressemelding frå KORO.

Stad: Mosaikkverkstaden, eit telt på Johan Nygaardsvolds plass framfor Høgblokka.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for digitaliserings- og forvaltningsministeren er kommunikasjonsrådgivar Kathrine Blindheim, telefon 92 06 30 11, e-post: kathrine.blindheim@dfd.dep.no.

Torsdag 30. april

Kl. 19.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit 1. mai-arrangement i Bodø. Stad: Folkets hus, Prinsens gate 115.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Fredag 1. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek gjennom dagen på markeringar av den internasjonale arbeidardagen i Sulitjelma.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@smk.dep.no.

Veke 19

Måndag 4. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøtet i Det europeiske politiske fellesskapet (EPC) i Jerevan i Armenia. EPC er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. I EPC vert politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål av felles interesse drøfta i ein brei europeisk samanheng.

Fristen for presseakkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no