Statsministerens program veke 19

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 5. mai

Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit folkemøte på Søndre Nordstrand.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Tysdag 6. mai

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar årskonferansen til Norsk Industri på Colosseum kino i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post msa@smk.dep.no.

Onsdag 7. mai

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på LO-kongressen på Youngstorget i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Torsdag 8. mai

Kl. 08.30: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til lansering av Nasjonal tryggleiksstrategi i Fanehallen ved Akershus festning i Oslo. Pressekonferansen vert sendt direkte på regjeringa.no frå kl. 09.00.

Presse kan melde seg på lanseringa ved å sende ein e-post til rvi@smk.dep.no innan onsdag 7. mai kl. 15.00. Presse vert bedne om å møte opp seinast kl. 07.45. Inngang via Statsministerens kontor, Glacisgata 1. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek ved markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag. H.M. Kongen og H.K.H. Kronprinsen er til stades og statsministeren taler i ein medaljeseremoni på Akershus festning.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Fredag 9. mai

Møte i Joint Expeditionary Force (JEF) i Oslo. Joint Expeditionary Force er eit samarbeid om tryggingspolitiske interesser mellom fleire nasjonar i Nord-Europa.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontaktar ved Statsministerens kontor er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.