Statsministerens program veke 20

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 10. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek digitalt på eit toppmøte om Ukrainas støttespelarar, omtalt som «koalisjonen av dei villige».

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Måndag 12. mai

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun besøkjer Skøyen skole, der dei møter førsteklassingar som førebur seg til 17. mai. Ber om at presse som ønskjer å delta, melder seg på til ksg@smk.dep.no innan søndag 11. mai kl. 18.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Onsdag 14. mai

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Svalbard-symposiet på Gamle Logen i Oslo. Sjå eiga pressemelding frå Justis- og beredskapsdepartementet for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Fredag 16. mai

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på toppmøte i Det europeiske fellesskapet (EPC) i Tirana i Albania.

EPC er eit forum for politisk dialog i Europa som omfattar 47 land. I EPC skal politiske og sikkerheitspolitiske spørsmål av felles interesse drøftast i ein brei europeisk samanheng.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, telefon 91 71 74 59, e-post rhs@smk.dep.no.