Statsministerens program veke 21
Pressemelding | Dato: 15.05.2026 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 18. og tysdag 19. mai
Den indiske statsministeren Narendra Modi er i Noreg på offisielt besøk. Det blir også eit nordisk-indisk toppmøte. Fristen for akkreditering er gått ut. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Statsministerens kontor: kommunikasjonsrådgiver Ragnhild H. Simenstad, e-post rhs@smk.dep.no, telefon 91 71 74 59 og kommunikasjonsrådgiver Martin Lerberg Fossum, e-post mlf@smk.dep.no, telefon 46 81 98 12.
Onsdag 20. mai
Kl. 18.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery inviterer til mottaking for å markere den norske innsatsen i olympiske- og paralympiske leikar i Italia tidlegare i år. Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng vil også vere til stades. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Presse er invitert til å ta bilete og få korte intervju i starten. Oppmøte i Riddervoldsgate 2 seinast 17.15. Ta med pressekort og gyldig legitimasjon (nasjonalt id-kort, fysisk førarkort eller pass). Påmelding til kudinfo@kud.dep.no innan 19. mai kl. 15.00. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@smk.dep.no.
Pressekontakt for kultur- og likestillingsministeren er kommunikasjonsrådgivar Wenche Stadven Nybo, telefon 91 62 51 86, e-post: wsn@kud.dep.no
Pressekontakt for arbeids- og inkluderingsministeren er politisk rådgivar Petra Brinch , telefon 90 62 17 10, e-post petra.brinch@aid.dep.no.
Fredag 22. mai
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek i lukka kontrollhøyring i sak om Riksrevisjonen si undersøking av ressursbruk og effektivitet i Politiets tryggingsteneste (PST).
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.
Veke 24
Tysdag 9. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk-baltisk statsministermøte i Tallinn.
Tema for møtet er mellom anna sikkerheit og forsvarssamarbeid, utvikling av forsvarsindustrien, Ukraina-støtte og kunstig intelligens.
Presse som ønskjer å dekkje møtet må finn lenkje til akkreditering på denne nettsida. Fristen for akkreditering er 22. mai.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.