Statsministerens program veke 25

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 20. juni

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Telemark.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer «Det hemmelige fjellet», eit gammalt forsvarsanlegg som no er lagt til rette for turistar, og Gaustatoppen.

Presse som vil vere med på besøket bør møte opp seinast kl. 10.20, og seie frå til pressekontaktane på førehand. Oppmøte: Gaustabanen, Tuddalsvegen, Rjukan.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Haugmotun omsorgssenter i Notodden. Adresse: Lysthusvegen 17A, Notodden.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer studentar og ungdom som har fått jobb på Sommarland i Bø. Adresse: Steintjønnvegen 2, Bø i Telemark.

Kl. 16.30: Statsministeren besøkjer siderprodusenten Nerø på Hjuksebø, med representantar frå Telemark Siderlag. Adresse: Hagenvegen 27, Notodden.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 19.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter presidenten i Norges Fotballforbund Lise Klaveness. Om lag kl. 20.15 er Støre og Klaveness tilgjengelege for pressa i Colosseum på Ullevaal stadion.

Presse må akkreditere seg via NFFs pressekontakt Mari Stanisic Waagaard: msw@fotball.no, telefon 95 24 90 18.

Kl. 20.45: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Noreg og Kypros på Ullevaal stadion.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.

Onsdag 21. juni

Kl. 11.30: Statsministeren taler på regjeringa sin nasjonale integreringskonferanse. Adresse: Parkveien 45.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer musikkfestivalen Tons of Rock på Ekebergsletta.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 15.00: Statsministeren taler på opninga av Kongsberg Agenda, og deltek etterpå i politisk sommardebatt der temaet er «Ambisjonar i krisetid – korleis skapar vi verdiar når verda ser ut som ho gjer.»

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Fredag 23. juni

Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før sommaren, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan onsdag 21. juni.

Ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Veke 28

Måndag 10. juli–onsdag 12. juli

Statsministeren besøker dei norske styrkane i Litauen og deltek på Nato-toppmøte i Vilnius. Utanriksminister Anniken Huitfeldt og forsvarsminister Bjørn Arild Gram deltek også på Nato-toppmøtet.

Medieakkrediteringa til Nato-toppmøtet er open. Presse må akkreditere seg via https://my.hq.nato.int/ innan 25. juni. Vi ber om at presse som vil vere med til Litauen melder frå til smkinfo@smk.dep.no.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Pressekontakt for utanriksminister Anniken Huitfeldt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon +47 99 52 20 26, e-post Marte.Lerberg.Kopstad@mfa.no.

Pressekontakt for forsvarsminister Bjørn Arild Gram er kommunikasjonsrådgivar Lars Gjemble, telefon +47 90 97 38 91, e-post lgj@fd.dep.no.