Statsministerens program veke 25
Pressemelding | Dato: 12.06.2026 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 15. - onsdag 17. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre er i USA i samband med fotball-VM, og skal vere til stades på landskampen mellom Noreg og Irak. Stad: Boston.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Fredag 19. juni
Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til halvårleg oppsummerande pressekonferanse i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien i Oslo kl. 11.30. Det vert enkel servering for pressefolk frå kl. 11.00.
Journalistar som ønskjer å melde seg på pressekonferansen kan gjere dette i skjemaet nedst på sida.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.