Statsministerens program veke 3

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Onsdag 19. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre er i Berlin for å møte Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz. Støre vil òg møte president Frank-Walter Steinmeier, delta på ein paneldebatt med tysk næringsliv om energi, besøke ei utstilling laga av norske Mad arkitekter og delta i ein diskusjon om tryggleikspolitikk i regi av Munich Security Conference.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Torsdag 20. januar
Kl. 12.30: HKH prinsesse Ingrid Alexandra besøkjer Statsministerens kontor, der ho får ei orientering om arbeidet i regjeringa og ved kontoret.

Presse som ønskjer å vere til stades når prinsessa kjem til Glacisgata 1 kan melde seg på til hbo@smk.dep.no innan 19. januar kl. 12.00. Det blir presseområde ute ved inngangen.

Ein fotopool kan arbeide innandørs ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB og TV2, i tillegg til ein skrivande reporter frå NTB.

Etter besøket, om lag kl. 14.05, gir statsministeren ein kommentar til pressa i plenum, i foajeen på SMK. Presse som ønskjer å vere til stades må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan 19. januar kl. 12.00. Alle må ha med gyldig pressekort, ID og munnbind.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kvar redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass.

Fotografar må møte seinast kl. 13.30 for scanning av utstyr.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Veke 4

Søndag 23. – onsdag 26. januar
Statsminister Jonas Gahr Støre er i New York i samband med at Noreg leiar arbeidet i FNs tryggingsråd i januar 2022. Tysdag 25. januar skal statsministeren leie eit møte i tryggingsrådet om urban krigføring og vern av sivile. Onsdag 26. januar skal han leie eit møte om FNs politiske oppdrag i Afghanistan (UNAMA). Gahr Støre skal òg ha anna program i New York, mellom anna med norsk nærings- og kulturliv.

Presse som er interessert i å dekkje besøket, blir beden om å kontakte presseråd ved FN-delegasjonen i New York, Astrid Sehl, telefon +1 6466429910, e-post astrid.sehl@mfa.no. Akkrediteringsfrist for tilgang til FN er gått ut.

Oppdatering 26. januar 2022: Reisa er forlenga med ein dag. Statsministeren skal ha møte i Washington torsdag 27. januar. 

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.