Statsministerens program veke 3

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 17. januar

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Borregaard AS i Sarpsborg. Tema for besøket er grønt industriløft. Adresse: Hjalmar Wessels vei 6, Sarpsborg.

Kl. 11.55: Statsministeren besøkjer Introungdommene i Fredrikstad. Introungdommene er eit tilbod til unge, med fokus på livsmeistring, utdanning og arbeid. Adresse: Rebellhuset, Trosvikstranda 9, Fredrikstad.

Kl. 13.20: Statsministeren besøkjer Halden ungdomsråd. Tema er unge og ytringsfridom. Adresse: Halden rådhus, Storgata 8, Halden.

Kl. 13.55: Statsministeren møter russen på Halden vidaregåande skule. Tema er utanforskap i russetida. Adresse: Porsnesbakken 12, Halden.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Måndag 23. januar


Statsminister Jonas Gahr Støre taler på opninga av konferansen «Hver samtale teller», i regi av Muslimsk dialognettverk. Stad: Thon Hotel Opera, Oslo.

Tema er moskéane si rolle i lokalsamfunnet og kvinner si rolle i moskéane.

Presse som vil vere til stades, må melde seg på til styremedlem i Muslimsk dialognettverk arshad.jamil@islamic.no innan søndag 22. januar.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.