Pressemeldingar

Statsministerens program veke 33

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 15. august
Noreg har i 2022 formannskapen i Nordisk ministerråd og statsminister Jonas Gahr Støre er vertskap for sine nordiske statsministerkollegaer i eit uformelt nordisk statsministermøte i Oslo måndag 15. august. Møtet finn stad på Munchmuseet.

Dei nordiske statsministrane Magdalena Andersson, Mette Frederiksen, Sanna Marin, Katrín Jakobsdóttir og Jonas Gahr Støre skal mellom anna diskutere forsvar, hav og grøn omstilling.

Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz sluttar seg til dei nordiske statsministrane i eit eige tysk-nordisk møte på ettermiddagen.

Utrag frå presseprogrammet
Kl. 14.45: Pressekonferanse med dei nordiske statsministrane. Stad: Munchmuseet. Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 14.00.

Kl. 17.15: Pressekonferanse med forbundskanslar Olaf Scholz og dei nordiske statsministrane. Stad: Munchmuseet. Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 16.30.

Kl. 19.00: Pressekonferanse med Olaf Scholz og Jonas Gahr Støre. Stad: Parkveien 45. Oppmøte for akkreditert presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 18.15.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Torsdag 18. august
Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades på Arendalsveka, der han mellom anna deltek på partitimen til Arbeiderpartiet på Kanalplassen i Arendal kl. 12.00-13.00.

Torsdag kveld deltek statsministeren i partileiardebatten som vert sendt frå Arendal kultur- og rådhus.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no