Statsministerens program veke 41

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 9. oktober

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2024.

Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30.

Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan måndag kl. 09.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Tysdag 10. oktober

Kl. 07.45 Statsminister Jonas Gahr Støre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol besøkjer Hersleb vidaregåande skule i samband med verdsdagen for psykisk helse. Adresse: Herslebs gate 20B, 0561 Oslo.

Presse som ønskjer å vere med må melde seg på tik ksg@smk.dep.no innan søndag kl. 16.00. 

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Kl. 13.15 Statsminister Jonas Gahr Støre, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery besøkjer gatefotballaget KFUM-kameratane Oslo. Adresse: Ekebergveien 109, 1178 Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Fredag 13. oktober

Statsminister Jonas Gahr Støre møter nordeuropeiske statsleiarar til toppmøte om sikkerheits- og forsvarspolitikk i Visby på Gotland. Fristen for akkreditering er gått ut. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Camilla Pettersen, telefon 95 10 50 64, e-post cp@smk.dep.no.