Statsministerens program veke 43 og 44

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Torsdag 28. oktober
Kl. 20.00: Statsministeren og fleire statsrådar deltek på H. M. Kongens middag for stortingsrepresentantane, på Slottet.

Måndag 1. og tysdag 2. november
Statsministeren deltek på FNs klimakonferanse COP26 i Glasgow i Skottland.

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Torsdag 4. og fredag 5. november
Tysklands forbundspresident Frank-Walter Steinmeier besøkjer Noreg.

Torsdag 4. november kl. 17.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter forbundspresident Frank-Walter Steinmeier på Statsministerens kontor. Ein fotopool som består av TV2, NRK og NTB har høve til å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte seinast kl. 17.00. Ta med pressekort og gyldig id. Stad: Glacisgata 1.

Steinmeier og Støre vil vere kort tilgjengeleg for presse etter møtet, om lag kl. 18.20. Oppmøte for presse i Glacisgata 1 seinast kl. 17.50.

Fredag 5. november kl. 09.00: Forbundspresident Steinmeier og statsminister Støre besøkjer Utøya.

Fredag 5. november kl. 14.00: Forbundspresident Frank-Walter Steinmeier og statsminister Jonas Gahr Støre deltek i ein panelsamtale om demokrati, behovet for å engasjere ungdom i politikken og trusselen frå ekstremisme og hatefulle ytringar i Universitetets aula, Karl Johans gate 47.

Presse som ønskjer å delta på eit eller fleire av desse arrangementa må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan onsdag 3. november kl. 12. Spesifiser kva du ønsker å delta på.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.