Statsministerens program veke 44

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 30. oktober

Kl. 17.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Liechtensteins statsminister Dr. Daniel Risch og Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir til arbeidsmiddag i statsministerbustaden. Tema for samtalane er dei tre landa sitt samarbeid innan EØS.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar som er akkreditert til Nordisk råd i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 16.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Tysdag 31. oktober

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Nordisk råds 75. sesjon i Oslo og har eit eige møte med dei nordiske statsministrane. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er politisk rådgiver Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Onsdag 1. november

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på NHO sitt konsernsjefmøte. Adresse: Næringslivets hus, Middelthuns gt. 27.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Øyvind Stokke, telefon 48 24 76 01, e-post oyvind.stokke@smk.dep.no.

Kl. 14.30: Statsminister Jonas Gahr Støre og barne- og familieminister Kjersti Toppe inviterer til dialogmøte med tru- og livssynsorganisasjonar.

Krigen mellom Israel og Hamas i Gaza spreier mørke skuggar over Midtausten. Brutale angrep på sivile og store humanitære lidingar påverkar menneske langt utover regionen – også her heime. Mange kjenner på bekymring og uro. Ein del nordmenn har også nær tilknyting til regionen gjennom familie, venner eller trustilhøyrsle.

Statsministeren og barne- og familieministeren ønskjer å samtale om korleis vi i ei tid som for mange er prega av frykt og uro kan halde fram den gode dialogen, og korleis ein saman kan bidra til å førebyggje splitting og halde oppe samhald og tillit i det norske samfunnet.

Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Program

  • 14.30: Statsministeren ønskjer velkommen. Innleiing frå Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Denne delen er open for pressa.
  • Dialogmøte utan presse.
  • Pressetilgjenge for statsministeren og barne- og familieministeren om lag kl. 1545.

Me ber om påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag kl. 12.00.  Oppmøte for presse i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 14.00 for registrering og sikkerheitssjekk. Ta med pressekort og gyldig id.

Torsdag 2. november

Kl. 08.45: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på Zerokonferansen 2023. Adresse: The Hub, Biskop Gunnerus gate 3, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 12.45: Statsministeren møter Sør-Koreas statsminister Duck-soo Han til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. Tema for samtalane er handel og næringsliv, forsvarsmateriell, arktiske spørsmål, sikkerhetspolitikk og regionale spørsmål. 

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 12.15. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Veke 48

Fredag 1. – søndag 3. desember

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på klimatoppmøtet COP28 i Dubai i De forente arabiske emirater.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.