Statsministerens program veke 49

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 6. desember
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er til stades i gravferda til Kim Friele i Oslo Domkirke og held minnetale på vegne av regjeringa. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for ein kort kommentar til pressa utanfor kyrkja etter seremonien. Vi ber pressa bruke munnbind dersom det ikkje er mogleg å halde avstand.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48 11 45 14, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 14.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet. Stad: Partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.

Onsdag 8. desember
Kl. 16.15: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Pressens hus. Stad: Skippergata 24, Oslo.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Fredag 10. desember
Kl. 09.30: Statsministeren har digitalt møte med Litauens president, Gitanas Nausėda.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Kl. 13.00: Statsministeren er til stades ved utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus.

Om kvelden deltek statsministeren på Nobelbanketten på Grand Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post: tab@smk.dep.no.

Laurdag 11. desember
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane Maria Ressa frå Filippinene og Dmitrij Muratov frå Russland i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.15.

Om lag kl. 10.45 vil statsministeren og fredsprisvinnarane møte pressa i Riddervoldgate 2. Oppmøte for presse seinast kl. 10.00.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan torsdag 9. desember kl. 16.00. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Internasjonal presse må også være akkreditert gjennom Nobel.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kva redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.