Statsministerens program veke 49
Pressemelding | Dato: 28.11.2026 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 30. november
Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre er i Drammen, der han mellom anna skal møte ein besøksvenn med hund frå Røde Kors.
Kl. 13.00: Statsministeren møter Nav Tønsberg og Tønsberg kommune på Nes sykehjem for å snakke om Helsetrappen, eit kompetanseløp som skal få fleire i arbeid i helsesektoren. Stad: Tjeldveien 10, Tønsberg.
Kl. 14.30: Statsminister besøkjer Jotron i Larvik. Jotron produserer kritisk kommunikasjons- og navigasjonsutstyr for sjø, land og luft. Presse som ønskjer å delta, må melde seg på til ksg@smk.dep.no innan måndag 30. november kl. 11.00. Stad: Ringdalskogen 8, Larvik.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Godager Høgalmen, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.
Tysdag 1. desember
Kl. 08.30: Statsministeren deltek på grunnsteinsnedlegging for tilpassa eldrebustader saman med ordførar i Arendal. Stad: Nygårdsveien 47, Arendal.
Kl. 10.00: Statsministeren besøkjer konfliktrådet og hurtigspor mot barne- og ungdomskriminalitet i Kristiansand. Stad: Tordenskjolds gate 16, Kristiansand.
Kl. 12.15: Statsministeren og helse- og omsorgsministeren besøkjer Sørlandet sjukehus. Stad: Egsveien 100, Kristiansand.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@smk.dep.no.
Fredag 4. desember
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery tek imot dei som av sine idrettskrinsar er nominerte til prisen Årets eldsjel. Stad: Gamle statsrådsal, Regjeringskvartalet. Sjå eigen presseinvitasjon med påmelding for presse her.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Kl. 13.30: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Møtet er ei oppfølging av samarbeidserklæringa mellom partane frå mai 2026, der det var semje om å sette beredskap på dagsorden årleg for gjensidige orienteringar og dialog.
Stad: A-blokka i regjeringskvartalet, Einar Gerhardsens plass 1
Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Fotografar som ønskjer å vere til stades, må akkreditere seg i skjemaet nedst på sida innan torsdag 3. desember kl. 14.00.
Oppmøte for påmelde fotografar seinast kl. 13.00.
Etter møtet, om lag kl. 14.30, vil det vere tilgjengelegheit for pressa. Presse som ønskjer å vere til stades, må akkreditere seg på skjemaet nedst på sida innan torsdag 3. desember kl. 14.00.
For påmeld presse er oppmøte seinast kl. 14.00. Ta med gyldig pressekort og ID.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.