Statsministerens program veke 50

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 13. desember
Kl. 14.15: Statsministeren møter Richard Hatchett, leiar for CEPI (Coalition for Epidemic Preparedness Innovations) på Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Tysdag 14. desember
Kl. 14.30: Statsministeren har digitalt møte med Litauens president, Gitanas Nausėda.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Onsdag 15. desember
Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til hbo@smk.dep.no innan måndag 13. desember kl. 14.00. På grunn av koronasituasjonen kan det hende at me må avgrense talet på journalistar frå kvar redaksjon. I så fall gir me tilbakemelding om det etter at påmeldingsfristen har gått ut.

Pressefolk som vil vere til stades, må ha med pressekort og gyldig ID. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 11.00. På grunn av koronasituasjonen blir det ikkje servert tradisjonell frukost i år.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på Fagforbundets digitale landsstyremøte.

Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.