Statsministerens program veke 50

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

(Vekeprogrammet er oppdatert søndag 11. desember 2022.)

Laurdag 10. desember

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på utdelinga av Nobels fredspris i Oslo rådhus. Adresse: Rådhusplassen 1, 0037 Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Søndag 11. desember

Kl. 09.45: Statsministeren møter FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, til samtale i statsministerbustaden.

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter fredsprisvinnarane i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

Ein fotopool kan arbeide ved starten av møtet. Norske deltakarar i poolen er NTB, NRK TV og TV2. Oppmøte ved inngangen i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 10.00.

Om lag kl. 11.00 vil statsministeren og fredsprisvinnarane møte pressa i Riddervoldsgate 2. Oppmøte for presse seinast kl. 10.30.

Presse som ønskjer å vere til stades på pressekonferansen må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan fredag 9. desember. Alle må ha med gyldig pressekort og ID. Internasjonal presse må også være akkreditert gjennom Nobel.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no og  kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Måndag 12. desember

Kl. 08.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på den offisielle opninga av Follobanen på spor 19 på Oslo S og på Ski kino. Pressa må møte opp på spor 19 seinast kl. 08.15.

For spørsmål om akkreditering, ta med kontakt Kari Øyen Gay hos Statsforvalteren, epost: kari@statsforvalteren.no.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.

Kl. 20.30: Statsminister Jonas Gahr Støre har ein arbeidsmiddag med EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen og Frankrikes president Emmanuel Macron. Temaet for arbeidsmiddagen er energisituasjonen i Europa.

Arbeidsmiddagen med Macron og von der Leyen føregår i Elysee.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no

Tysdag 13. desember

Kl. 09.00: Statsministeren deltek på støttekonferansen for Ukraina i Paris. Journalistar som ønskjer akkreditering, må ta kontakt med pressekontaktene seinast innan måndag kl. 09.00.

Støttekonferansen om Ukraina føregår i konferansesenteret til det franske utanriksdepartementet. Adresse: Centre des Conférences Ministériel, 27, Rue de la Convention.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Om lag kl. 20.00: Statsministeren er til stades på podkasten Aftenpodden live på Sentrum scene.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Onsdag 14. desember

Kl. 16.30: Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen møter partane i arbeidslivet på Statsministerens kontor. Tema for møtet er oppretting av utval som skal sjå på utviklinga i norsk økonomi, lønnsdanninga og frontfagmodellen.

Etter møtet, om lag kl. 17.30, vil  statsministeren vere tilgjengeleg for presse i foajeen på SMK. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag 13. desember. For akkreditert presse er oppmøte seinast onsdag 14. desember kl. 17.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Veke 51

Tysdag 20. desember

Kl. 11.00: Statsminister Jonas Gahr Støre inviterer til oppsummerande pressekonferanse før jul, i regjeringa sitt representasjonsanlegg.

Det vert enkel servering for pressefolk i Parkveien 45 frå kl. 10.30.

Pressefolk som vil vere til stades, må melde seg på til rvi@smk.dep.no innan søndag 18. desember.

Inngang via Riddervoldsgate 2. Ta med pressekort og gyldig ID. Presse som ønskjer å rigge til pressekonferansen kan møte opp frå kl. 10.00.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.