Statsministerens program veke 9 og 10

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 27. februar

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Tysdag 28. februar

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk toppmøte i Samarbeidskomitéen for dei nordiske sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane (SAMAK). Statsminister Sanna Marin er vert for toppmøtet, der også Natos generalsekretær Jens Stoltenberg vil vere til stades.

Møtet går føre seg i Paasitorni i Helsingfors i Finland. Møtet er ope for presse fram til kl. 16.50. Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Onsdag 1. og torsdag 2. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre er på Svalbard onsdag 1. og torsdag 2. mars. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Søndag 5. – 7. mars

Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2024 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.

Budsjettkonferansen varer frå 5. til 7. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering kl. 10.15 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.45.

Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 3. mars kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjent id.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for finansministeren er statssekretær Lars Vangen, telefon 99 24 01 87, e-post lars.vangen@fin.dep.no.

Torsdag 9. og fredag 10. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Karasjok torsdag 9. mars og i Alta fredag 10. mars. Han skal mellom anna ha eit møte med Sametingspresidenten og helse Sametinget i Karasjok, og deltek på opninga av Borealis vinterfestival og Finnmarksløpet i Alta. Han deltek også på NHO Arktis sin konferanse Uro i Alta.

Detaljer for reisa kjem i presseinvitasjonen neste veke, men media som vil dekke heile eller deler av reisa kan allereie no ta kontakt med pressekontaktane.  

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.