Statsministerens program veke 9

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 13.00 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Tysdag 25. februar

Kl. 11.30: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk toppmøte i Samarbeidskomitéen for dei nordiske sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane (SAMAK) på Scandic Holmenkollen Park i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Onsdag 26. februar

Kl. 11.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på årskonferansen til Fair Play Bygg.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Rabita-moskeen i Oslo. Han møter muslimske ungdommar og ein familie for å høyre om korleis dei opplever situasjonen i Midtausten.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Fredag 28. februar

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er lønnsoppgjeret og den økonomiske situasjonen.

Møtet er på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere ei fotomoglegheit ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 12.30.

Etter møtet, om lag kl. 14.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengelege for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan fredag kl. 11.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 14.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er  kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46819812, e-post mlf@smk.dep.no.  

Statsministeren deltek på fylkesårsmøtet i Oslo Ap på kvelden.

Pressekontakt er politisk rådgivar Sunniva Nielsen Bjerkaas, telefon 95 88 98 93, e-post snb@smk.dep.no.

Laurdag 1. mars

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på fylkesårsmøte i Østfold Ap.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.