Presseinvitasjon: Statsråd Erling Sande reiser til Vestland

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande besøker fleire kommunar i Vestland måndag og tysdag neste veke, samt to av sine underliggjande etatar.

Dette er Erling Sande si første reise som kommunal- og distriktsminister. Han skal mellom anna innom Stryn, Sogndal, Voss, Vaksdal og Bergen kommune. Han skal i tillegg besøke Distriktssenteret i Leikanger og Husleietvistutvalget i Bergen.

Måndag 30. oktober

  • 09.30: Møte med Innvik AS og ordføraren i Stryn kommune.  
  • 13.15: Møte med ordføraren i Sogndal kommune
  • 14.30: Besøke Distriktssenteret

Tysdag 31. oktober

  • 08.00: Møte med ordføraren i Voss
  • 10.00: Møte med ordføraren i Vaksdal
  • 12.15: Møte med Vestland fylkeskommune     
  • 13.30: Møte med Husleietvistutvalget

Kontaktperson: Erlend Kvittum Nytrøen, telefonnummer 48297446