Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik besøker Bodø

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Bodø i Nordland måndag 5. desember. Tema for reisa er distrikt- og regionalpolitikk.

Media er velkommen til å ta del i delar av programmet.

Program for måndag 5. desember i Bodø

Kl. 10.45: Statsråden møter Nordland fylkeskommune ved leiar for fylkesrådet Remi Solberg m. fleire. Tema for møtet er regionvekstavtala mellom staten og Nordland fylkeskommune.

  • Stad: Fylkeshuset, Prinsensgate 100 i Bodø.

Kl. 12.45: Statsråden besøker Inkubator Salten ved administrerande direktør Erlend Bullvåg med fleire. Tema for besøket er arbeidet i inkubatoren. Møtet er ope for media.

  • Stad: Kunnskapsparken, Sjøgata 15/17 i Bodø.

Kl. 13.30.: Statsråden møter Bodø Røde Kors og ungdomar frå Unge Stormen i Bodø saman med ordførar Ida Maria Pinnerød. Møtet er ope for media.

  • Stad: Stormen bibliotek, Storgata 1 B i Bodø.

Pressekontakt

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no