Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik besøker Kristiansand

20. juni kjem kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) på besøk til Kristiansand kommune. På agendaen står mellom anna møte med ordføraren og kommunedirektøren.

Det er sett av tid til media etter møtet med ordføraren og kommunedirektøren kl. 11.30, men media kan ikkje vere til stades i sjølve møtet.

Media er velkommen til å vere med på resten av programmet.

Frå programmet måndag 20. juni

10.15-11.30: Statsråden møter ordførar Jan Oddvar Skisland, kommunedirektør Camilla Dunsæd, tillitsvalde og verneombod.

  • Stad: Ordføraren sitt kontor, Rådhusgata 18 i Kristiansand.

12.15-13.10: Statsråden møter næringsforeininga i byen og lokale aktørar.

  • Stad: Kantina, Innbyggjartorg, Tangvall, Rådhusgata 1 i Kristiansand.

13.10-14.00: Statsråden møter «Nye Mønstre Trygg oppvekst», eit program for å løfte familiar ut av fattigdom, og «Flere i arbeid», eit program for å få innbyggjararar inn i arbeidslivet.

  • Stad: Kommunestyresalen, Tangvall, Rådhusgata 1 i Kristiansand.

14.15-15.00: Statsråden møter prosjektleiar Stine Busborg Sagen om utvikling av Tinnheia.

  • Stad: Tinnheia Torv i Kristiansand


Pressekontakt

Senior kommunikasjonsrådgivar Jenny Kanestrøm Trøite, mobiltlf. 900 24 610

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00