Presseinvitasjon:

Statsråd Gjelsvik orienterer byggenæringa om det vidare arbeidet med byggereglane

Torsdag 15. juni møter kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) sentrale aktørar i byggenæringa for å orientere om departementet sitt vidare arbeid med forsvarleg byggkvalitet.

Byggereglane har stor betydning både for byggenæringa og for dei som skal kjøpe seg ein ny bustad. Men byggereglane har fått kritikk for å vere for omfattande og komplekse, og for å ha uklar effekt.

I vår inviterte kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik næringa til å kome med innspel. På torsdag vil statsråden peike ut retninga for det vidare arbeidet med å sikre forsvarleg byggkvalitet.

Møtet er i departementet sine lokale kl. 09.30-10.00. Presse kan ikkje delta på sjølve møtet, men det er satt av tid til kommentarar frå kl.10.00

Desse er invitert til møte:

  1. Arkitektbedriftene
  2. Brannfaglig fellesorganisasjon (BFO)
  3. Boligprodusentene
  4. Byggenæringens landsforbund (BNL)
  5. Bygghåndverk Norge (BHN)
  6. Fellesforbundet
  7. Forum for Norges eier- og forvalterorganisasjoner (EFF)
  8. Huseierne
  9. Maskinentreprenørenes forbund (MEF)
  10. Norsk Eiendom
  11. Norske arkitekters landsforbund (NAL)
  12. Norske boligbyggelags landsforbund (NBBL)
  13. Norsk kommunalteknisk forening (NKF)
  14. Nelfo
  15. Nordnorske Entreprenørers Service Organisasjon (NESO)
  16. Rådgivende ingeniørers forening (RIF)

Send ein e-post til ke@kdd.dep.no eller ring pressetelefon på 22 24 25 00 om du ønsker ein kommentar etter møtet.