Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik til Agder

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Agder 3. juni. Han inviterer mellom anna regionale og lokale aktørar til eit møte i Iveland kommune for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for fredag 3. juni

Kl. 12.00 Statsråden inviterer regionale og lokale aktørar til eit møte i Iveland kommune for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

  • Stad: Iveland Bedehus, Frikstadveien 1 i Iveland.

Kl. 14.30: Statsråden besøker Voss Production og får informasjon om verksemda.

  • Stad: Vatnestrøm Industriområde 5 i Vatnestrøm i Iveland.

Kl. 16.00 Statsråden besøker Ocean Infinity og møter adm.dir. Christoffer Jørgenvåg. Tema for besøket er korleis samarbeidet mellom Mechatronics Innovation Lab ved Universitetet i Agder og industrien på Agder fremjar innovasjon og utvikling av digitale produkt.

  • Stad: Buråsen 30, Kristiansand.

Pressekontakt

Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 958 70 541

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00