Presseinvitasjon

Statsråd Gram besøker Nordland og Troms og Finnmark

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram besøker Narvik, Salangen, Bø i Vesterålen og Andøy.

Tema for reisa spenner frå byutvikling til moglegheiter for vekst og utvikling i distrikta. Media inviterast til å ta del i programmet.

Program for torsdag 27. januar

Kl. 08:30: Statsråd Gram møter ordførar Rune Edvardsen m.fl. i Narvik kommune. Tema for møtet er utviklinga av flyplasstomta.

Stad: Flyplasstomta Framneslia i Narvik

Kl. 11:00: Statsråd Gram møter ordførar Sigrun Wiggen Prestbakmo m.fl. i Salangen kommune. Tema for møtet er utfordringar og moglegheiter i kommunen, samt interkommunalt samarbeid.

Stad: Kommunehuset, Strandveien 33 i Salangen kommune

Kl. 18:30: Statsråd Gram møter ordførar Sture Pedersen, Bø kommune. Tema for møtet er moglegheiter for vekst og utvikling i distrikta.

Stad: Ringstad resort, Ringstadveien 27 i Straumsjøen

Program fredag 28. januar

Kl. 11:00: Statsråd Gram møter ordførar Knut Nordmo og eit utvida formannskap i Andøy kommune for ei orientering om arbeidet med omstilling i kommunen.

Stad: Rådhuset, Storgt. 68 i Andenes

Kl. 13:00: Statsråd Gram besøker Andøya Space Center. Her vil han og få ei orientering om prosjektet The Whale

Stad: Andøya Space Center, Bleiksv. 46 i Andenes

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no