Historisk arkiv

Statsrekneskapen 2020

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart avlagd med eit samla underskot på 39,2 milliardar kroner i 2020, fordelt med eit overskot i statsbudsjettet på 46,9 milliardar kroner og eit underskot i Statens pensjonsfond på 86,1 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen for rekneskapsterminen 1. januar til 31. desember 2020 som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2020 vart 370,5 milliardar kroner, som er 46,9 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Det er overført 417,4 milliardar kroner frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, og statsbudsjettet før lånetransaksjonar syner dermed òg eit overskot på 46,9 milliardar kroner.

Inntektene vart 29,2 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 17,7 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2020. Auken på inntektssida kjem særleg av skattar og avgifter som vart 26,1 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn. Renteinntekter og utbyte utan Equinor var 1,1 milliardar kroner høgare, meirinntekter som heimlar meirutgifter vart på 1,1 milliardar kroner, medan andre inntekter til saman vart drygt 0,8 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.  Den store mindreutgiften syner at det har vore utfordrande for forvaltninga å gjennomføre og følgje opp alle Stortingets vedtak om utbetalingar og bruk av midlar på ei rekkje budsjettpostar i møte med pandemien i 2020. Utgiftene under folketrygda vart 3,1 milliardar kroner lågare enn budsjettert. Utgifter til allmenne kulturføremål var 2,2 milliardar kroner lågare, utgiftene til regionale helseføretak vart 1,7 milliardar kroner lågare, medan utgifter til vaksiner vart 0,8 milliardar kroner lågare enn budsjettert. Utgiftene til veg, jernbane og luftfartsføremål vart 3,6 milliardar kroner lågare, medan andre utgifter vart netto 6,3 milliardar kroner lågare.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2020 no rekna til 369,3 milliardar kroner eller 3,7 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2019. Dette er 23,7 milliardar kroner mindre enn det ein rekna i nysaldert budsjett, og kjem i hovudsak av lågare utgifter enn det ein rekna med.

Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit underskot på 86,1 milliardar kroner, som er 12,9 milliardar kroner meir enn rekna i nysaldert budsjett og 341,3 milliardar kroner meir enn rekna i saldert budsjett. Auken frå det ein rekna i nysaldert budsjett kjem i hovudsak av lågare renter og utbyte i fondet. Auken frå saldert budsjett kjem av auken i overføringa frå SPU med 176,3 milliardar kroner for å dekkje det oljekorrigerte underskotet, 138,1 milliardar kroner i lågare netto kontantstraum frå petroleumsverksemda og 26,8 milliardar kroner i lågare rente- og utbyteinntekter i fondet.

Kapitalen i Statens pensjonsfond auka med 844,3 milliardar kroner i 2020. Av auken er 820,9 milliardar kroner knytt til SPU og 23,5 milliardar kroner knytt til SPN. Underskotet i Statens pensjonsfond reduserer kapitalen med 86,1 milliardar kroner. Netto realiserte og urealiserte vinstar / tap auka verdien av fondet med 863,4 milliardar kroner, medan svekka kronekurs auka verdien i SPU med 57,9 milliardar kroner. I tillegg fekk SPU tilført 9,1 milliardar kroner av inntekt frå netto finanstransaksjonar knytte til sal av aksjar i Equinor ASA. Ved utgangen av 2020 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 10 907,1 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 292,2 milliardar kroner.

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Statsregnskapet.no

Portalen statsregnskapet.no  har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstall.

Tabell 1 Nøkkeltal 2020-budsjettet
(mrd. kroner og prosent)

Saldert

Nysaldert

Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

241,1

417,4

370,5

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

243,6

393,0

369,3

C) Strukturelt underskot i pst. av BNP-Fastlands Noreg

7,6

12,3

11,7

D) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

2,6

3,9

3,7

E) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

0,8

10,0

8,6

F) Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda

245,0

107,7

106,8

G) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

46,9

H) Overskot i Statens pensjonsfond

255,2

-73,2

-86,1

I) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

255,2

-73,2

-39,2

 

Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2020
(mrd. kroner)

Frå
saldert til rekneskap

Frå nysaldert til rekneskap

Nedgang i det oljekorrigerte underskotet

-129,4

46,9

Netto inntektsendringar

-19,1

29,2

Av dette:

 

 

Skattar og avgifter

-30,6

26,1

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,5

0,3

Renteinntekt og utbyte utan Equinor ASA

-3,6

1,1

Overføring frå Noregs Bank

5,8

0,0

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

1,1

1,1

Andre inntekter under departementa

7,7

0,5

Netto utgiftsendringar

110,3

-17,7

Av dette:

 

 

Folketrygda, inkludert dagpengar

34,3

-3,1

Renteutgifter, statsgjeld

0,4

0,5

Allmenne kulturføremål

3,0

-2,2

Regionale helseføretak

4,6

-1,7

Veg-, jernbane og luftfartsføremål

7,3

-3,6

Momskompensasjon kommunar og fylkeskommunar

-0,1

-0,8

Vaksinar

0,2

-0,8

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i meirinntekter

60,5

-6,0

 

Tabell 3 Statens pensjonsfond 2020 (mrd. kroner)

Statens
pensjonsfond
utland

Statens
pensjonsfond
Noreg

Samla

Netto kontantstraum

106,8

 

106,8

- Overført statsbudsjettet

417,4

 

417,4

+ Renter og utbyte

217,3

7,2

224,5

= Overskot

-93,3

7,2

-86,1

Kapital per 31.12.2019

10 086,2

268,7

10 355,0

+ Overskot

-93,3

7,2

-86,1

+ Valutakursregulering

57,9

-

57,9

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

847,1

16,3

863,4

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

9,1

 

9,1

= Kapital per 31.12.2020

10 907,1

292,2

11 199,3

Endra verdi, fondskapital

820,9

23,5

844,3

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett
(mill. kroner)

Rekneskap
2019

Saldert budsjett
2020

Nysaldert budsjett
2020

Rekneskap
2020

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 407 407

1 446 478

1 260 942

1 288 828

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

283 245

272 951

135 701

134 425

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 124 162

1 173 527

1 125 241

1 154 402

B

Utgifter i alt

1 378 115

1 442 611

1 570 667

1 552 528

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

26 331

28 000

28 000

27 601

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 351 785

1 414 611

1 542 667

1 524 928

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

29 292

3 867

-309 725

-263 701

-

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

256 915

244 951

107 701

106 825

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2 ̶ B.2)

-227 623

-241 084

-417 426

-370 525

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

228 564

241 084

417 426

417 426

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

941

0

0

46 901

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1 ̶ B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

256 915

244 951

107 701

106 825

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

228 564

241 084

417 426

417 426

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

247 454

251 300

236 500

224 510

=

Overskot i Statens pensjonsfond

275 804

255 167

-73 225

-86 091

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

276 746

255 167

-73 225

-39 190