Statsbudsjett 2019:

Statsstipend til Evy Johanne Håland og Bjarte Bruland

Regjeringa gjer framlegg om å tildele nye statsstipend til Evy Johanne Håland og Bjarte Bruland. Stipenda er i dag på kr 442 400 kroner per år.

Statsstipend blir tildelt etter søknad og innstilling frå Kulturdepartementet. Stipendet gjeld til stipendiaten når pensjonsalder ved fylte 67 år.

Evy Johanne Håland (f. 1957)

Håland har hovudfag i antikkhistorie og pedagogisk eksamen ved UiB (1990). Ho disputerte i 2005, med doktoravhandlinga Greske fester, Moderne og Antikke: En sammenlignende undersøkelse av kvinnelige og mannlige verdier. Dette er ein samanliknande analyse av viktige religiøse festar og livsfaseritual i dagens og antikkens Hellas, og syner kva kultar knytt til den greske kvinnesfæren har hatt å seia, og tilhøvet til den offisielle mannsdominerte ideologien. I tillegg tar avhandlinga opp tilhøvet mellom storsamfunnet og småsamfunnet, offisiell religion og folkereligion. Arbeidet hennar med å syne kultisk kontinuitet mellom antikkens og dagens Hellas, er eit bidrag både i antikkstudiar, historie, religionsvitskap, etnologi og sosialantropologi. Ho er ein internasjonalt orientert forskar og hennar tverrfaglege tilnærming er eit viktig bidrag, både i norsk og internasjonal kontekst.

Bjarte Bruland (f. 1969)

Bjarte Bruland er cand. philol i historie. Han er både pioner og pådrivar i arbeidet med å synleggjera lagnaden åt den norske jødiske minoriteten under okkupasjonen.  I meir enn 20 år har Bruland utvikla ein database over dei nesten 2200 jødane som var busette i landet ved den tyske invasjonen. I 2017 gav han ut boka Holocaust i Norge – registrering, deportasjon, tilintetgjørelse. Han har medverka i oppbygginga av Jødisk Museum og tatt del i det offentlege ordskiftet i fleire tiår. Hans forsking og formidling er viktige bidrag slik at dette mørke kapitlet i soga vår ikkje blir gløymt.

Til toppen