Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Stor auke i eit viktig år for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen skal opna for publikum hausten 2020. Regjeringa gjer framlegg om ein auke på vel 280 millionar kroner. Det gir eit totalt tilskot på 790,5 millionar kroner.

– Dette er ei historisk satsing på kunst- og kultur i Noreg. Vi tek vare på kulturarven vår både for vår eigen del, og for framtida. Nasjonalmuseet har ansvaret for mange av dei mest verdsette kunst- og kulturutrykka som er skapte i Noreg, og skal gjera dei tilgjengelege for oss alle, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Det nye Nasjonalmuseet på Vestbanen blir det største kunstmuseet i Norden, med eit samla areal på 54 600 kvadratmeter og om lag 90 utstillingsrom.

Etter planen skal museet opna for publikum hausten 2020. I tida fram mot opninga skal museet flytta inn, gjennomføra prøvedrift, flytta verksemda og samlingane og etablera dei nye utstillingane.

– Det er mykje som skal skje og det blir eit særs krevjande år for Nasjonalmuseet. Samlingane skal flyttast og takast imot på ein trygg måte, og dei nye utstillingane med vår felles nasjonale kunstarv skal lagast. Eg gler meg til å sjå det nye museet koma på plass, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Regjeringa gjer framlegg om ein auke på 280,6 millionar kroner i driftstilskotet til museet i 2020. Det gir eit totalt tilskot på 790,5 millionar kroner. Prosjektet vart vedteke i juni 2013, og nybygget har ei kostnadsramma på 6 milliardar kroner.

Budsjettframlegget for 2020 skal sikra at museet har rammer for å kunna dekkja husleigekostnadene og drift av nybygget, og samstundes har grunnlag for å utvikla det museumsfaglege arbeidet.

– Det nye museet er eit nasjonalt kunstløft. Vi får både ein stor og flott visingsarena for kunst og ein viktig møtestad for publikum i alle aldrar. Det er som ein utstillings- og formidlingsarena på internasjonalt nivå at det nye Nasjonalmuseet skal ta imot publikum, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.