Stor etterspurnad etter mandelpoteter før jul
Nyheit | Dato: 23.12.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Etterspurnaden etter mandelpoteter skyt i vêret før jul. Både produsentar og pakkeri melder om at det er mykje å gjere om dagen.
Til vanleg blir det omsett om lag 100 tonn mandelpoteter i veka. Men i dei beste salsvekene før jul, aukar volumet med nesten 1000 tonn. Det svarar til ein vekst på 900 prosent.
No står både produsentar og pakkeria på for å sikre at forbrukarane får mandelpoteter av høg kvalitet til alle årets julemåltid.
Mandelpoteten blir dyrka over store delar av landet, men òg i fjellstrok så høgt som over 400 meter over havet, og i Nord-Noreg. I tillegg til å vere ei fin julemiddagspotet, brukar ein også mandelpoteta til å produsere både lomper og lefser. Dessutan er ho ei fin kjelde til kalium, vitamin C og kostfiber.
Den norske sesongen er frå september til mai. Likevel viser tal frå Grøntprodusentenes samarbeidsråd viser at det beste salsesongen er i julesesongen.