Vestland har 490 båsfjøs med mjølkekyr. Som eit resultat av møta, har Innovasjon Noreg fått rekordmange søknader på ordninga med ressursavklaring.

Det har medført at dei har løyvt midlar til 30 fjøs med omlegging frå bås til lausdrift i 2025. Med dette vil kring 75 prosent av mjølka kome frå kyr i lausdrift, og Vestland er på god veg til å nå lausdriftskravet innan 2034.

Storfeprosjektet i Vestland er eit samarbeid mellom TINE, Nortura, Felleskjøpet, Norsk Landbruksrådgiving, TYR, Bondelaget, Småbrukarlaget, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren. Fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er dei største økonomiske bidragsytarane i prosjektet. Prosjektleiar er tilsett hos TINE.