Statsbudsjett 2019:

Stor satsing på litteratur

Noreg er gjesteland på Bokmessa i Frankfurt i 2019. Prosjektet har fått tilsegn om 30 millionar kroner i statleg tilskot, og regjeringa følgjer opp dette med framlegg om nye 15 millionar kroner på statsbudsjettet for 2019. I samband med Bokåret 2019 gjer regjeringa framlegg om 10 millionar kroner ekstra på barne- og ungdomslitteratur, i tillegg til 30 millionar kroner av spelemidla.

– I 2019 skal norsk litteratur bli løfta til nye høgder, der leselyst og kvalitet for dei viktigaste lesarane våre, nemleg barn og ungdom, blir heilt sentralt, seier  kulturminister Trine Skei Grande.

– At Noreg er gjesteland på Bokmessa i Frankfurt, og i tillegg fokusland på Berlinalen og Jazzahead i 2019, inneber eit unikt høve til å fremje norsk litteratur og kultur nasjonalt og internasjonalt, og er ei av dei største utanrikskulturelle satsingane i nyare tid, seier ho.

Regjeringa foreslår å løyve 15 millionar kroner til Noreg som gjesteland på Bokmessa i Frankfurt. Same sum blei løyva i 2018.  

Til Bokåret 2019 har regjeringa tildelt 30 millionar kroner av spelemidlane til  Nasjonalbiblioteket, for å styrkje litteraturformidling i biblioteka og andre institusjonar som fremjar leselyst og leseglede.

I Bokåret 2019 foreslår regjeringa dessutan til saman 10 millionar kroner til ulike tiltak for litteraturen for barn og ungdom. Pengane vil bli fordelte på tiltak under Norsk kulturfond, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, Det Norske Samlaget og Norsk barnebokinstitutt, med auka støtte til heile kretsløpet frå forsking og barnebokkritikk, til forfattarøkonomi, utgiving, distribusjon og formidling.

Satsinga inneheld desse forslaga:

  • 6,5 millionar kroner til Norsk kulturfond for å styrkje kvaliteten og formidlinga av barne- og ungdomslitteraturen. Midlane skal gå til innkjøpsordningane og som tilskot til produksjon og formidling.
  • Ein auke på 1,5 millionar kroner til barne- og ungdomsbokforsking ved Norsk barnebokinstitutt
  • Auka informasjons- og formidlingsverksemd i Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek, med ei styrking på 1 million kroner
  • Ein auke på 1 million kroner til Samlaget sitt arbeid med å styrkje nynorsk innhald digitalt – også i seriesegmentet 
Til toppen