Større etterspurnad etter meieriprodukt

Større etterspurnad av meieriprodukt førte til underdekning av mjølk i 2024. Det blei derfor sett i verk fleire tiltak for å auka produksjonen. Norske mjølkebønder svara med ein auke på 5,5 prosent.

Etterspurnaden av meieriprodukt førte til ein auke i både produksjon og omsetnad.

Forbruket av norsk ost auka med 5,8 prosent i 2024. Gul ost, som har størst volum, auka med nesten fem prosen. For cottage cheese auka forbruket med 40 prosent, ifølgje melk.no. Auken gjeld òg drikkemjølk. Det var heilmjølk, smaksett søtmjølk og smaksett syrna mjølk som stod for auken.

Fleire tiltak blei sette i verk for å auka tilgangen på rå mjølk. Mjølkekvotane blei mellom anna auka i to omgangar i løpet av 2024 for å leggja til rette for meir produksjon. Frå 1. juni blei overproduksjonsavgifta fjerna, og mjølkeproduksjonen var derfor ikkje avgrensa av kvotar i 2024.

Mjølkeprodusentane leverte 1 480 millionar liter mjølk til meieri i 2024. Det er 77 millionar liter meir enn i fjoråret og svarar til ein produksjonsauke på 5,5 prosent.